7 De skal ikkje byggja hus eller så korn og ikkje planta eller eiga vinmarker. I telt skal de bu alle dykkar dagar, så de kan leva lenge i det landet der de er innflyttarar.»
8 Sidan har vi vore lydige mot alt det far vår Jonadab, son til Rekab, baud oss: I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre.
9 Vi har ikkje bygd hus til å bu i, og vi har korkje vinmarker, jorder eller såkorn,
10 men vi bur i telt. Vi har vore lydige og har gjort alt det far vår, Jonadab, baud oss.
11 Men då kong Nebukadnesar av Babel rykte inn i landet, sa vi: «Kom, lat oss dra til Jerusalem, bort frå hærane til kaldearane og aramearane.» Så no bur vi i Jerusalem.
12 Då kom Herrens ord til Jeremia:
13 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Gå og sei til mennene i Juda og innbyggjarane i Jerusalem: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra på mine ord? seier Herren.