1 Det var i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, då kom dette ordet til Jeremia frå Herren:
2 Ta ein bokrull og skriv ned alle dei orda eg har sagt til deg om Israel og om Juda og om alle folkeslag, frå den første dagen eg tala til deg i kong Josjias dagar og fram til i dag.
3 Når Judas hus får høyra om alt det vonde eg har tenkt å gjera mot dei, vender dei kanskje om frå sine vonde vegar, og då vil eg tilgje dei deira synd og deira skuld.
4 Då kalla Jeremia til seg Baruk, son til Neria. Jeremia dikterte, og Baruk skreiv opp i ein bokrull alle dei orda som Herren hadde tala til han.