29 Du skal seia til kong Jojakim av Juda: Så seier Herren: Du brende opp denne bokrullen og spurde: «Kvifor skreiv du der at kongen av Babel skal koma og øydeleggja dette landet og utrydda både menneske og dyr?»
30 Difor seier Herren om kong Jojakim av Juda: Han skal ikkje ha nokon etterfølgjar på Davids trone. Liket hans skal slengjast bort og liggja der i heten om dagen og i kulden om natta.
31 Eg skal straffa både han og etterkomarane hans og alle tenarane hans for dei vonde gjerningane dei har gjort. Over dei og innbyggjarane i Jerusalem og mennene i Juda fører eg alt det vonde som eg har truga dei med, men som dei ikkje ville høyra om.
32 Så tok Jeremia ein ny bokrull og gav han til skrivaren Baruk, son til Neria. Han skreiv ned i han etter det Jeremia sa, alle dei orda som hadde stått i den rullen kong Jojakim av Juda brende opp, og mange liknande ord i tillegg til dei.