7 Kanskje dei då vil koma fram for Herren med si bøn og venda om frå sine vonde vegar, for stor er vreiden og harmen som Herren har truga dette folket med.
8 Og Baruk, son til Neria, gjorde alt det som profeten Jeremia hadde bode han. Han las opp Herrens ord frå rullen i Herrens hus.
9 Det var i det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, at det vart ropa ut faste for Herren. Det gjaldt alt folket i Jerusalem og alle som kom inn til Jerusalem frå byane i Juda.
10 Då las Baruk opp Jeremias ord frå bokrullen i Herrens hus medan alt folket høyrde på. Det var i rommet til riksskrivaren Gemarja, son til Sjafan, i den øvre føregarden, attmed inngangen til den nye porten til Herrens hus.
11 Då Mika, son til Gemarja, Sjafans son, høyrde alle Herrens ord som stod i bokrullen,
12 gjekk han ned i kongens slott, til riksskrivaren sitt rom. Der sat alle leiarane samla: riksskrivaren Elisjama, Delaja, son til Sjemaja, Elnatan, son til Akbor, Gemarja, son til Sjafan, Sidkia, son til Hananja og alle dei andre leiarane.
13 Mika fortalde dei kvart ord han hadde høyrt då Baruk las opp frå bokrullen for folket.