1 Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Kong Nebukadnesar av Babel gjorde han til konge i Juda.
2 Korkje Sidkia eller tenarane hans eller folket i landet ville høyra på dei orda Herren tala gjennom profeten Jeremia.
3 Kong Sidkia sende Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Maaseja, til profeten Jeremia for å seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!»
4 På den tid var Jeremia fri til å gå ut og inn mellom folk; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.