14 «Det er løgn!» sa Jeremia. «Eg vil ikkje gå over til kaldearane.» Men Jeria høyrde ikkje på han. Han tok Jeremia og førte han til leiarane.
15 Dei vart sinte på Jeremia, dei slo han og førte han som fange til huset til riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort om til fengsel.
16 Slik kom Jeremia i fangeholet i kjellaren, og der vart han sitjande i lang tid.
17 Kong Sidkia sende så bod og henta han til slottet og spurde han i løynd: «Er det kome noko ord frå Herren?» «Det er det», svara Jeremia. «Du skal gjevast i hendene på kongen av Babel.»
18 Så sa Jeremia til kong Sidkia: «Kva synd har eg gjort mot deg og tenarane dine og dette folket sidan de har sett meg i fengsel?
19 Og kvar er no profetane dykkar, dei som profeterte at kongen av Babel ikkje ville gå mot dykk og dette landet?
20 Høyr no, herre konge! Lat mi bøn koma fram for deg! Send meg ikkje tilbake til riksskrivaren Jonatans hus, og lat meg ikkje døy der!»