12 Så sa kusjitten Ebed-Melek til Jeremia: «Ta desse fillene i armholene og legg taua under armane!» Jeremia gjorde det,
13 og dei drog han opp med taua og fekk han ut or brønnen. Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden.
14 Kong Sidkia sende bod etter profeten Jeremia og henta han til den tredje inngangen til Herrens hus. Kongen sa til Jeremia: «Eg har noko å spørja deg om. No må du ikkje løyna noko for meg.»
15 Jeremia sa til Sidkia: «Talar eg rett ut, vil du sikkert drepa meg, og gjev eg deg eit råd, høyrer du ikkje på meg.»
16 Då svor kong Sidkia i løynd for Jeremia: «Så sant Herren lever, han som har gjeve oss dette livet: Eg vil ikkje la deg døy og ikkje gje deg i hendene på dei mennene som står deg etter livet.»
17 Då sa Jeremia til Sidkia: «Så seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Gjev du deg over til Babel-kongens hærførarar, skal du berga livet, og denne byen skal ikkje brennast ned. Både du og ditt hus skal få leva.
18 Men gjev du deg ikkje over til Babel-kongens leiarar, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene deira.»