18 Men gjev du deg ikkje over til Babel-kongens leiarar, skal byen gjevast i hendene på kaldearane. Dei skal brenna han, og sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene deira.»
19 Kong Sidkia sa til Jeremia: «Eg er redd dei judearane som har gått over til kaldearane. Gjev dei meg over i deira hender, kjem dei til å mishandla meg.»
20 Jeremia svara: «Dei kjem ikkje til å overgje deg. Lyd berre Herrens ord som eg talar til deg, så skal det gå deg godt, og du skal få leva.
21 Men nektar du å gje deg over, så har Herren synt meg dette:
22 Sjå, alle kvinnene som var att i slottet til kongen av Juda, vart førte ut til Babel-kongens leiarar. Dei song:Dine vener har leidd deg villog fått deg i si makt.Dine føter sokk ned i gjørma,dei trekte seg tilbake.
23 Alle kvinnene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men Babel-kongens hand skal gripa deg, og byen skal brennast ned.»
24 Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen, elles skal du døy.