2 Så seier Herren: Den som blir verande her i byen, skal døy for sverd og svolt og pest. Men den som gjev seg over til kaldearane, skal få leva. Han skal få livet sitt som krigsbytte og leva vidare.
3 Så seier Herren: Denne byen skal gjevast over til hæren til Babel-kongen, som skal ta han.
4 Leiarane sa til kongen: «Denne mannen må døy, for han tek motet frå dei krigarane som er att her i byen, og frå heile folket, når han talar slike ord til dei. For denne mannen søkjer ikkje fred for dette folket, men ulukke.»
5 Kong Sidkia svara: «Sjå, han er i dykkar hender. For kongen kan ikkje gjera noko med dykk.»
6 Då tok dei Jeremia og kasta han i brønnen til kongssonen Malkia i vaktgarden. Dei firte han ned med tau. Det var ikkje vatn i brønnen, men gjørme, og Jeremia sokk ned i gjørma.
7 Ebed-Melek frå Kusj, ein hoffmann som var på slottet, fekk høyra at dei hadde kasta Jeremia i brønnen. Kongen sat då i Benjamin-porten.
8 Ebed-Melek gjekk ut or slottet og sa til kongen: