22 Sjå, alle kvinnene som var att i slottet til kongen av Juda, vart førte ut til Babel-kongens leiarar. Dei song:Dine vener har leidd deg villog fått deg i si makt.Dine føter sokk ned i gjørma,dei trekte seg tilbake.
23 Alle kvinnene dine og borna dine skal førast ut til kaldearane. Sjølv skal du ikkje sleppa ut or hendene på dei, men Babel-kongens hand skal gripa deg, og byen skal brennast ned.»
24 Sidkia sa til Jeremia: «Ingen må få vita om denne samtalen, elles skal du døy.
25 Når leiarane får høyra at eg har snakka med deg, kjem dei nok til deg og seier: Fortel oss kva du sa til kongen! Løyn ikkje noko for oss, elles drep vi deg! Kva sa kongen til deg?
26 Men då skal du svara dei: Eg bar mi bøn fram for kongen om at han ikkje måtte senda meg tilbake til Jonatans hus for å døy der.»
27 Alle leiarane kom til Jeremia og spurde han ut, og han svara dei heilt og fullt så som kongen hadde sagt. Då lét dei han vera i fred, for ingen hadde høyrt noko.
28 Sidan heldt Jeremia til i vaktgarden heilt til den dagen då Jerusalem vart teken.