15 Herrens ord kom til Jeremia medan han sat fengsla i vaktgarden:
16 Gå og sei til Ebed-Melek frå Kusj: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no oppfyller eg mitt ord om denne byen, til det vonde og ikkje til det gode. Det skal henda rett framfor auga på deg den dagen.
17 Men eg vil berga deg på den dagen, seier Herren. Du skal ikkje koma i hendene på dei mennene du er redd.
18 Eg lèt deg sleppa unna. Du skal ikkje falla for sverd, men få livet som krigsbytte fordi du stola på meg, seier Herren.