5 Men kaldearhæren sette etter dei og nådde Sidkia att på slettene ved Jeriko. Dei tok han til fange og førte han opp til Ribla i Hamat-landet, til Babel-kongen Nebukadnesar, som felte dommen over han.
6 I Ribla drap kongen av Babel sønene til Sidkia medan han såg på. Kongen av Babel drap òg alle stormennene i Juda.
7 Så stakk han ut auga på Sidkia og batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel.
8 Kaldearane brende både kongens slott og husa til folket, og murane kring Jerusalem reiv dei ned.
9 Dei som var att i byen, og dei som hadde gått over til babylonarkongen, og dei som elles var att i folket, vart førte til Babel i eksil av Nebusaradan, sjefen for livvakta.
10 Berre nokre av dei fattigaste i folket, dei som ingenting eigde, lét livvaktsjefen Nebusaradan vera att i Juda, og samstundes gav han dei vinmarker og åkrar.
11 Kong Nebukadnesar av Babel gav livvaktsjefen Nebusaradan denne ordren om Jeremia: