7 Så stakk han ut auga på Sidkia og batt han med bronselenkjer for å føra han til Babel.
8 Kaldearane brende både kongens slott og husa til folket, og murane kring Jerusalem reiv dei ned.
9 Dei som var att i byen, og dei som hadde gått over til babylonarkongen, og dei som elles var att i folket, vart førte til Babel i eksil av Nebusaradan, sjefen for livvakta.
10 Berre nokre av dei fattigaste i folket, dei som ingenting eigde, lét livvaktsjefen Nebusaradan vera att i Juda, og samstundes gav han dei vinmarker og åkrar.
11 Kong Nebukadnesar av Babel gav livvaktsjefen Nebusaradan denne ordren om Jeremia:
12 «Ta han og hald auge med han. Du skal ikkje gjera han noko vondt, men det han sjølv bed om, skal du gjera med han.»
13 Livvaktsjefen Nebusaradan, Nebusjasban Rab-saris, Nergal Sar-eser Rab-mag og alle stormennene til Babel-kongen