10 Eg sa: Å, min Herre og Gud!Sanneleg, du sviktadette folket og Jerusalemdå du sa: «De skal ha fred.»No rører sverdet ved strupen.
11 På den tida skal det seiasttil dette folket og til Jerusalem:Vind som brenn av hete,kjem frå snaue høgder i ørkenenmot folket, mi dotter.Han er ikkje til å kasta og reinsa korn i,
12 ein sterkare vind kjem til meg.No vil eg òg seia dom over dei.
13 Sjå, som skyer dreg han fram,som stormen er vognene hans,hestane er raskare enn ørnar.Ve oss, for vi blir øydelagde!
14 Reins hjartet ditt for vondskap, Jerusalem,så skal du bli frelst.Kor lenge skal du la vonde tankarfå bu i ditt indre?
15 For ei røyst kjem med bod frå Dan,forkynner ulukke frå Efraim-fjella.
16 Sei frå til folkeslaga: Der er dei!Lat det høyrast over Jerusalem!Fiendar kjem frå fjerne land,ropet deira lyder over byane i Juda.