2 om du sver«så sant Herren lever»i sanning, rett og rettferd,då skal folkeslaga velsigna seg ved han,ved han skal dei prisa seg lukkelege.
3 Så seier Herren til judearaneog til Jerusalem:Bryt dykk nybrot,ikkje så mellom klunger!
4 Omskjer dykk for Herren,ta bort forhuda frå hjartet dykkar,de judearar og de som bur i Jerusalem,elles skal harmen min bryta ut som eldog brenna utan at nokon sløkkjer,for det vonde de har gjort.
5 Kunngjer dette i Juda,lat det høyrast i Jerusalem,blås i horn i landet,rop høgt og sei:Samla dykk!Lat oss gå inn i festningsbyane!
6 Lyft banneret! Til Sion!Berg dykk, bli ikkje ståande!For eg sender ei ulukke frå nord,eit stort samanbrot.
7 Ei løve stig opp frå krattet.Ein som øydelegg folkeslag,bryt opp og dreg ut frå sin stadfor å leggja landet ditt audt.Byane dine skal bli til ruinarder ingen kan bu.
8 Difor, kled dykk i sekkestrie, sørg og skrik!For Herrens brennande vreidehar ikkje vendt seg frå oss.