21 Kor lenge skal eg sjå banneretog høyra lyden av horn?
22 Ja, folket mitt er dårar,dei kjenner meg ikkje.Dei er tåpelege born utan innsikt.Dei er flinke til å gjera vondt,men kan ikkje gjera godt.
23 Eg såg jorda, og sjå! – ho var aud og tom,mot himmelen – lyset var borte.
24 Eg såg fjella, og sjå! – dei skalv,alle haugane riste.
25 Eg såg, og sjå! – ikkje eit menneske,alle fuglane under himmelen var flogne.
26 Eg såg, og sjå! – fruktbart land hadde vorte til ørken,alle byar var nedrivneav Herren, av hans brennande vreide.
27 Så seier Herren:Heile landet skal leggjast audt,men eg skal ikkje gjera ende på det.