23 Eg såg jorda, og sjå! – ho var aud og tom,mot himmelen – lyset var borte.
24 Eg såg fjella, og sjå! – dei skalv,alle haugane riste.
25 Eg såg, og sjå! – ikkje eit menneske,alle fuglane under himmelen var flogne.
26 Eg såg, og sjå! – fruktbart land hadde vorte til ørken,alle byar var nedrivneav Herren, av hans brennande vreide.
27 Så seier Herren:Heile landet skal leggjast audt,men eg skal ikkje gjera ende på det.
28 Jorda sørgjer over dette,og himmelen mørknar over henne.For eg har tala og lagt min plan,eg angrar ikkje og tek han ikkje tilbake.
29 Heile byen flyktarfor ståket av ryttarar og bogeskyttarar.Dei går inn i krattskogenog klatrar opp på knausane.Kvar by er forlaten,det er ingen som bur i dei.