4 Omskjer dykk for Herren,ta bort forhuda frå hjartet dykkar,de judearar og de som bur i Jerusalem,elles skal harmen min bryta ut som eldog brenna utan at nokon sløkkjer,for det vonde de har gjort.
5 Kunngjer dette i Juda,lat det høyrast i Jerusalem,blås i horn i landet,rop høgt og sei:Samla dykk!Lat oss gå inn i festningsbyane!
6 Lyft banneret! Til Sion!Berg dykk, bli ikkje ståande!For eg sender ei ulukke frå nord,eit stort samanbrot.
7 Ei løve stig opp frå krattet.Ein som øydelegg folkeslag,bryt opp og dreg ut frå sin stadfor å leggja landet ditt audt.Byane dine skal bli til ruinarder ingen kan bu.
8 Difor, kled dykk i sekkestrie, sørg og skrik!For Herrens brennande vreidehar ikkje vendt seg frå oss.
9 Den dagen, seier Herren,skal kongen og leiarane mista alt mot.Prestane blir slegne av skrekk,profetane blir mållause av redsle.
10 Eg sa: Å, min Herre og Gud!Sanneleg, du sviktadette folket og Jerusalemdå du sa: «De skal ha fred.»No rører sverdet ved strupen.