Jeremia 40:3-9 N11NN

3 og Herren har sendt henne og gjort som han hadde sagt fordi de synda mot Herren og ikkje ville lyda han. Difor har dette hendt dykk.

4 Sjå, i dag løyser eg deg frå lenkjene som hendene dine er bundne med. Vil du, kan du bli med meg til Babel, og der skal eg halda auge med deg. Men vil du ikkje bli med meg til Babel, kan du la vera. Sjå, heile landet ligg ope for ditt andlet, og du kan gå der du synest det er godt og rett.»

5 Jeremia gjekk framleis ingen stader. «Så gå tilbake til Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, som kongen av Babel har sett til å ha tilsyn med byane i Juda. Du kan bu hos han mellom folket der eller gå kvar du synest det er rettast.» Så gav livvaktsjefen han niste og gåver og lét han gå.

6 Jeremia fór til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa og vart buande hos han, mellom folket som var att i landet.

7 No fekk alle hærførarane og soldatane kringom i landet høyra at kongen av Babel hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til å styra landet. Han hadde sett han over menn, kvinner og born og over dei fattigaste i landet som ikkje var førte i eksil til Babel.

8 Då kom hærførarane til Gedalja i Mispa med mennene sine: Ismael, son til Netanja, Johanan og Jonatan, søner av Kareah, Seraja, son til Tanhumet, sønene til Efai frå Netofa og Jesanja, son til ein mann frå Maaka.

9 Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde for å tena kaldearane! Ver i landet og ten kongen av Babel, så skal det gå dykk godt.