2 reiste Ismael, son til Netanja, seg saman med dei ti mennene som var med han. Med sverd hogg dei ned Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son. Dei drap han som kongen av Babel hadde sett til å styra landet,
3 alle judearane som var hos Gedalja i Mispa, og dei kaldearane som fanst der. Ismael drap alle krigarane.
4 Dagen etter at Gedalja var drepen, før nokon visste om det,
5 kom det åtti menn frå Sikem, Sjilo og Samaria. Dei hadde raka skjegget, rive sund kleda og rispa seg opp. Dei hadde med seg grødeoffer og røykjelse som dei skulle bera fram i Herrens hus.
6 Då gjekk Ismael, son til Netanja, ut frå Mispa for å møta dei. Han gret der han gjekk, og då han møtte dei, sa han til dei: «Kom og bli med til Gedalja, son til Ahikam!»
7 Då dei kom inn i byen, vart dei drepne av Ismael, son til Netanja, og dei mennene han hadde med seg, og kasta i ein brønn.
8 Men mellom dei var det ti menn som sa til Ismael: «Ikkje drep oss! Vi har mat gøymd ute på marka: kveite, bygg, olje og honning.» Då lét han dei vera og drap dei ikkje saman med dei andre.