1 Då kom alle hærførarane og Johanan, son til Kareah, og Jesanja, son til Hosjaja, og heile folket, både små og store,
2 og sa til profeten Jeremia: «Lat oss få koma fram for deg med vår bøn! Bed for oss til Herren din Gud, for alle som er att her! Som du ser, vi er berre nokre få att av mange.
3 Herren din Gud må seia oss kva veg vi skal gå, og kva vi skal gjera.»
4 Profeten Jeremia svara dei: «Ja vel, eg skal be til Herren dykkar Gud, så som de seier. Og kvart ord Herren gjev dykk til svar, skal eg fortelja dykk. Eg skal ikkje halda noko tilbake.»