16 då skal det sverdet som de er redde, nå dykk att der i Egypt, og svolten som de er redde, skal følgja i hælane på dykk dit, og der skal de døy.
17 Alle dei som har vendt andletet mot Egypt for å dra dit og slå seg ned som innflyttarar, skal døy for sverd og svolt og pest. Ingen av dei skal overleva og sleppa frå den ulukka eg sender over dei.
18 For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Slik min vreide og harme vart aust ut over dei som bur i Jerusalem, slik skal min harme ausast ut over dykk om de dreg til Egypt. De skal bli til eit banneord og ei gru, til forbanning og spott, og de skal aldri få sjå denne staden att.
19 Herren har sagt til dykk som er att i Juda: Far ikkje til Egypt! De skal vita for visst at eg har åtvara dykk i dag.
20 De fører vill, og det skal kosta dykk livet. Først sender de meg til Herren dykkar Gud og seier: «Bed for oss til Herren vår Gud og fortel oss alt det Herren vår Gud seier, så skal vi gjera det.»
21 Men når eg i dag har fortalt dykk dette, så vil de ikkje lyda Herren dykkar Guds ord og alt det han har sendt meg til dykk for å seia.
22 No skal de vita for visst at de kjem til å døy for sverd og svolt og pest på den staden de så gjerne vil fara til for å slå dykk ned som innflyttarar.