4 Profeten Jeremia svara dei: «Ja vel, eg skal be til Herren dykkar Gud, så som de seier. Og kvart ord Herren gjev dykk til svar, skal eg fortelja dykk. Eg skal ikkje halda noko tilbake.»
5 Då sa dei til Jeremia: «Måtte Herren vera eit sant og truverdig vitne mot oss om vi ikkje følgjer kvart einaste ord som Herren din Gud sender oss gjennom deg.
6 Anten det er godt eller vondt, vil vi lyda Herren vår Gud som vi sender deg til, så det må gå oss godt. For vi vil lyda Herren vår Gud.»
7 Ti dagar seinare kom Herrens ord til Jeremia.
8 Han kalla til seg Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, og heile folket, både små og store,
9 og sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud, som de sende meg til for å leggja fram dykkar bøn:
10 Dersom de blir verande her i landet, vil eg byggja dykk opp og ikkje knusa, planta dykk og ikkje rykkja opp. Eg angrar på det vonde eg har gjort mot dykk.