7 Ti dagar seinare kom Herrens ord til Jeremia.
8 Han kalla til seg Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane som var med han, og heile folket, både små og store,
9 og sa til dei: Så seier Herren, Israels Gud, som de sende meg til for å leggja fram dykkar bøn:
10 Dersom de blir verande her i landet, vil eg byggja dykk opp og ikkje knusa, planta dykk og ikkje rykkja opp. Eg angrar på det vonde eg har gjort mot dykk.
11 Ver ikkje redde kongen av Babel, som de er så redde for. Ver ikkje redde han! seier Herren. For eg er med dykk, eg vil frelsa dykk og berga dykk frå hans hand.
12 Eg skal visa dykk miskunn, og han skal miskunna seg over dykk og føra dykk tilbake til dykkar eige land.
13 Men så kan det henda at de ikkje vil lyda Herren dykkar Gud og seier: «Vi vil ikkje bu i dette landet.