1 Då Jeremia var ferdig med å seia til folket alle dei orda som Herren deira Gud hadde sendt han med – alle desse orda,
2 då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei skamlause mennene, til Jeremia: «Det er løgn, det du seier! Herren vår Gud har ikkje sendt deg for å seia: Far ikkje til Egypt for å slå dykk ned som innflyttarar der.
3 Det er Baruk, son til Neria, som set deg opp mot oss for at vi skal koma i hendene på kaldearane, og så kan dei drepa oss eller føra oss i eksil til Babel.»
4 Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda Herren og bli verande i Juda.
5 Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og som ville slå seg ned som innflyttarar i Juda.
6 Det var både menn, kvinner og born, kongsdøtrene og alle dei som livvaktsjefen Nebusaradan hadde late vera att hos Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, også profeten Jeremia og Baruk, son til Neria.
7 Dei fór til Egypt, for dei ville ikkje lyda Herren. Så kom dei til Tahpanhes.