10 Du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no sender eg bod og hentar kong Nebukadnesar av Babel, tenaren min. Eg skal setja hans trone over desse steinane som du har grave ned, og han skal slå tronhimmelen sin opp over dei.
11 Han skal koma og slå Egypt – til død for den som tilhøyrer døden, til fangenskap for den som tilhøyrer fangenskapet og til sverd for den som tilhøyrer sverdet.
12 Eg set eld på templa til gudane i Egypt, og han skal brenna dei opp og føra dei bort. Han plukkar egyptarane bort som ein gjetar plukkar lus av kappa si, og så fer han bort i fred.
13 Han skal slå sund steinstøttene i Bet-Sjemesj i Egypt og brenna opp templa for gudane i Egypt.