5 Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og som ville slå seg ned som innflyttarar i Juda.
6 Det var både menn, kvinner og born, kongsdøtrene og alle dei som livvaktsjefen Nebusaradan hadde late vera att hos Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, også profeten Jeremia og Baruk, son til Neria.
7 Dei fór til Egypt, for dei ville ikkje lyda Herren. Så kom dei til Tahpanhes.
8 Herrens ord kom til Jeremia i Tahpanhes:
9 Ta nokre store steinar og grav dei ned i leira på plassen framfor inngangen til faraos hus i Tahpanhes medan nokre judearar ser på.
10 Du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no sender eg bod og hentar kong Nebukadnesar av Babel, tenaren min. Eg skal setja hans trone over desse steinane som du har grave ned, og han skal slå tronhimmelen sin opp over dei.
11 Han skal koma og slå Egypt – til død for den som tilhøyrer døden, til fangenskap for den som tilhøyrer fangenskapet og til sverd for den som tilhøyrer sverdet.