16 «Det ordet du har tala til oss i Herrens namn, vil vi ikkje høyra på.
17 Nei, vi vil halda kvart ord som har kome frå vår munn, tenna offereld for Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, slik vi og fedrane våre, kongane og leiarane våre gjorde i Judas byar og på gatene i Jerusalem. Då hadde vi brød nok, det gjekk oss godt, og vi opplevde ikkje noko vondt.
18 Men sidan vi heldt opp med å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, har vi mangla alt; vi mistar livet ved sverd og svolt.»
19 Kvinnene sa: «Når vi tenner offereld for Himmeldronninga og auser ut drikkoffer for henne, er det vel ikkje utan våre menns vitende og vilje vi lagar offerkaker i hennar bilete og auser ut drikkoffer for henne?»
20 Då sa Jeremia til alt folket, til mennene og kvinnene, alle som hadde teke til orde mot han:
21 Visst tende de offereld i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, både de sjølve og fedrane dykkar, kongane og stormennene dykkar og folket i landet. Og Herren hugsa det, det var i tankane hans.
22 Herren kunne ikkje lenger tola dei vonde gjerningane og det avskyelege de gjorde. Så vart landet dykkar til ruinar, øydemark og forbanning så ingen kunne bu der, slik det er i dag.