21 Visst tende de offereld i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, både de sjølve og fedrane dykkar, kongane og stormennene dykkar og folket i landet. Og Herren hugsa det, det var i tankane hans.
22 Herren kunne ikkje lenger tola dei vonde gjerningane og det avskyelege de gjorde. Så vart landet dykkar til ruinar, øydemark og forbanning så ingen kunne bu der, slik det er i dag.
23 Fordi de tende offereld og synda mot Herren, og fordi de ikkje ville lyda han og ikkje følgja hans lov og forskrifter og bod, har denne ulukka ramma dykk, slik ein kan sjå i dag.
24 Sidan sa Jeremia til alt folket og til alle kvinnene: Høyr Herrens ord, alle de frå Juda som er i Egypt!
25 Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De og kvinnene dykkar har oppfylt med hendene det de lova med munnen: «Vi vil halda lovnadene vi har gjeve om å tenna offereld til Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne.» Ja, oppfyll no lovnadene dykkar og gjer alt de har lova!
26 Høyr då Herrens ord, alle frå Juda som bur i Egypt: Sjå, no sver eg ved mitt store namn, seier Herren, at det ikkje skal vera ein einaste judear att i heile Egypt som kan ta mitt namn i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!»
27 Sjå, eg vaker over dei til det vonde og ikkje til det gode. Kvar einaste judear i Egypt skal mista livet ved sverd og svolt, til det er ute med dei.