26 Høyr då Herrens ord, alle frå Juda som bur i Egypt: Sjå, no sver eg ved mitt store namn, seier Herren, at det ikkje skal vera ein einaste judear att i heile Egypt som kan ta mitt namn i sin munn og seia: «Så sant Herren vår Gud lever!»
27 Sjå, eg vaker over dei til det vonde og ikkje til det gode. Kvar einaste judear i Egypt skal mista livet ved sverd og svolt, til det er ute med dei.
28 Berre nokre få skal sleppa unna sverdet og koma tilbake til Juda frå Egypt. Då skal resten av Juda som fór til Egypt for å slå seg ned der som framande, få kjenna kva ord som blir ståande, mitt eller deira.
29 Og dette skal de ha til teikn, seier Herren, på at eg vil krevja dykk til rekneskap på denne staden, for at de skal kjenna at mine ord mot dykk står ved lag – til det vonde.
30 Så seier Herren: Sjå, eg gjev farao Hofra, kongen av Egypt, i hendene på fiendane hans, på dei som står han etter livet, slik eg gav kong Sidkia av Juda i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, som var fienden hans og stod han etter livet.