3 Det er fordi dei gjorde så mykje vondt, dei gjorde meg rasande då dei gjekk og tende offereld for å dyrka andre gudar som korkje dei eller de eller fedrane dykkar hadde kjent.
4 Eg sende alle tenarane mine, profetane, til dykk seint og tidleg for å seia: «Gjer ikkje dette avskyelege som eg hatar!»
5 Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til så dei kunne venda om frå vondskapen sin og halda opp med å tenna offereld for andre gudar.
6 Difor auste eg harmen og vreiden min ut over byane i Juda og gatene i Jerusalem så dei vart til ruinar og ørken, som dei er i dag.
7 Og no seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Kvifor gjer de så mykje vondt mot dykk sjølve? De ryddar ut menn og kvinner, born og spedborn frå Juda så de ikkje har nokon rest att.
8 De gjer meg rasande med det de lagar med eigne hender; de tenner offereld for andre gudar i Egypt, dit de fór for å bu der som innflyttarar. Slik ryddar de dykk sjølve ut og blir til forbanning og spott mellom alle folkeslag på jorda.
9 Har de gløymt det vonde som fedrane dykkar, kongane i Juda og kvinnene deira har gjort, og det vonde som de sjølve og dykkar eigne kvinner har gjort i Juda og på gatene i Jerusalem?