9 Har de gløymt det vonde som fedrane dykkar, kongane i Juda og kvinnene deira har gjort, og det vonde som de sjølve og dykkar eigne kvinner har gjort i Juda og på gatene i Jerusalem?
10 Dei har ikkje audmjuka seg til denne dag. Dei er ikkje redde og har ikkje følgt mi lov og mine forskrifter, som eg har lagt fram for dykk og fedrane dykkar.
11 Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no vender eg andletet mot dykk til det vonde, for å rydda ut heile Juda.
12 Eg tek resten av folket i Juda, dei som vende andletet mot Egypt for å slå seg ned der som innflyttarar. I Egypt skal dei mista livet, alle saman, falla for sverd, mista livet av svolt. Både små og store skal døy for sverd og svolt. Dei skal bli til eit banneord og ei gru, til forbanning og spott.
13 Eg vil straffa dei som bur i Egypt, slik eg straffa Jerusalem, med sverd og svolt og pest.
14 Frå resten av Juda, dei som kom til Egypt for å slå seg ned der som innflyttarar, skal ingen sleppa unna og overleva så dei kan koma tilbake. Dei skal lengta etter å koma heim til Juda og bu der att, men ingen skal koma heim, berre nokre få slepp unna.
15 Då tok dei til orde mot Jeremia, alle mennene som visste at kvinnene deira tende offereld for andre gudar, alle kvinnene som stod der i ein stor flokk, og alt folket som budde i Egypt, i Patros: