1 Herrens ord som kom til profeten Jeremia om folkeslaga.
2 Om Egypt.Om hæren til farao Neko, kongen i Egypt, som stod ved Karkemisj ved elva Eufrat, og som vart slegen av Babel-kongen Nebukadnesar i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:
3 Gjer rundskjold og langskjold i standog rykk ut til strid!
4 Sel på, stig til hest, de ryttarar,still opp med hjelmane på,gjer spyda blanke, ta brynjene på!
5 Men kva må eg sjå?Dei blir gripne av skrekkog trekkjer seg tilbake.Krigarane deira blir slegne,dei flyktar utan å sjå seg tilbake.Redsle rår på alle kantar,seier Herren.
6 Den raske kan ikkje flykta,krigaren kan ikkje berga seg.Der nord, ved bredda av Eufrat,der snublar dei og fell.
7 Kven er det som stig lik Nilen,lik elvar der vatnet fløymer?