10 Den dagen er ein hemnens dagfor Herren, allhærs Gud,han tek hemn over motstandarane.Sverdet får eta seg mettog drikka seg utørst på blod.Det er offerslaktingfor Herren, allhærs Gud,i landet der nord ved Eufrat.
11 Dra opp til Gilead, du jomfru,hent balsam, du dotter Egypt!Kvart lækjemiddel er til fånyttes,såret ditt vil ikkje gro.
12 Folkeslag høyrer om di skam,klageropet ditt fyller jorda.Den eine krigaren snublar over den andre,saman fell dei begge.
13 Ordet som Herren tala til profeten Jeremia då kong Nebukadnesar av Babel kom for å slå Egypt:
14 Kunngjer det i Egypt,lat det høyrast i Migdol,lat det høyrast i Nof og Tahpanhes!Sei: Still opp og gjer deg klar!For sverdet øyder rundt ikring deg.
15 Kvifor flykta Apis, din sterke okse?Han kunne ikkje stå imot,for Herren har drive han bort.
16 Han fekk mange til å snubla,ja, dei fall over kvarandre.Då sa dei:«Kom, lat oss venda attende til folket vårt,til landet der vi er fødde,bort frå det herjande sverdet!»