15 Kvifor flykta Apis, din sterke okse?Han kunne ikkje stå imot,for Herren har drive han bort.
16 Han fekk mange til å snubla,ja, dei fall over kvarandre.Då sa dei:«Kom, lat oss venda attende til folket vårt,til landet der vi er fødde,bort frå det herjande sverdet!»
17 Der skal dei gje farao, kongen i Egypt,namnet «Krigslarm som kom for seint».
18 Så sant eg lever, seier Kongen– Herren over hærskarane er hans namn:Som Tabor mellom fjella kjem han,som Karmel ute ved havet.
19 Pakk tinga dine for eksil,du som bur hos dotter Egypt.For Nof skal bli til ei øydemark,lagd i øyde så ingen kan bu der.
20 Egypt er ei prektig kvige,men ein klegg frå nordslår seg ned på henne.
21 Leigesoldatane hennarer som gjødde kalvar,dei snur om og flyktar saman,dei held ikkje ut.For over dei er ulukkedagen komen,rekneskapens tid.