18 Så sant eg lever, seier Kongen– Herren over hærskarane er hans namn:Som Tabor mellom fjella kjem han,som Karmel ute ved havet.
19 Pakk tinga dine for eksil,du som bur hos dotter Egypt.For Nof skal bli til ei øydemark,lagd i øyde så ingen kan bu der.
20 Egypt er ei prektig kvige,men ein klegg frå nordslår seg ned på henne.
21 Leigesoldatane hennarer som gjødde kalvar,dei snur om og flyktar saman,dei held ikkje ut.For over dei er ulukkedagen komen,rekneskapens tid.
22 Ho kveser lik ein slange som glir bort,for dei rykkjer fram med ein hær.Dei kjem mot henne med øksarsom tømmerhoggarar.
23 Dei høgg skogen hennar ned, seier Herren,han har vorte for tett.Dei er fleire enn grashopper,dei er utan tal.
24 Dotter Egypt blir til skamme,ho blir overgjeven til folket i nord.