20 Egypt er ei prektig kvige,men ein klegg frå nordslår seg ned på henne.
21 Leigesoldatane hennarer som gjødde kalvar,dei snur om og flyktar saman,dei held ikkje ut.For over dei er ulukkedagen komen,rekneskapens tid.
22 Ho kveser lik ein slange som glir bort,for dei rykkjer fram med ein hær.Dei kjem mot henne med øksarsom tømmerhoggarar.
23 Dei høgg skogen hennar ned, seier Herren,han har vorte for tett.Dei er fleire enn grashopper,dei er utan tal.
24 Dotter Egypt blir til skamme,ho blir overgjeven til folket i nord.
25 Herren over hærskarane, Israels Gud, seier: No vil eg straffa Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han.
26 Eg gjev dei i hendene på dei som står dei etter livet, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel og tenarane hans. Men sidan skal ho bu i landet som i gamle dagar, seier Herren.