22 Ho kveser lik ein slange som glir bort,for dei rykkjer fram med ein hær.Dei kjem mot henne med øksarsom tømmerhoggarar.
23 Dei høgg skogen hennar ned, seier Herren,han har vorte for tett.Dei er fleire enn grashopper,dei er utan tal.
24 Dotter Egypt blir til skamme,ho blir overgjeven til folket i nord.
25 Herren over hærskarane, Israels Gud, seier: No vil eg straffa Amon frå No, farao og Egypt, gudane og kongane i landet, både farao og dei som lit på han.
26 Eg gjev dei i hendene på dei som står dei etter livet, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel og tenarane hans. Men sidan skal ho bu i landet som i gamle dagar, seier Herren.
27 Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,seier Herren,mist ikkje motet, Israel!For sjå, eg bergar deg frå fjerne staderog ætta di frå landet der ho er fanga.Jakob skal venda attendeog leva roleg og trygt,og ingen skal skremma han.
28 Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,seier Herren,for eg er med deg.Eg gjer ende på alle folkeslagasom eg har drive deg bort til,men deg gjer eg ikkje ende på.Eg tuktar deg med retteog lèt deg ikkje sleppa straff.