3 Gjer rundskjold og langskjold i standog rykk ut til strid!
4 Sel på, stig til hest, de ryttarar,still opp med hjelmane på,gjer spyda blanke, ta brynjene på!
5 Men kva må eg sjå?Dei blir gripne av skrekkog trekkjer seg tilbake.Krigarane deira blir slegne,dei flyktar utan å sjå seg tilbake.Redsle rår på alle kantar,seier Herren.
6 Den raske kan ikkje flykta,krigaren kan ikkje berga seg.Der nord, ved bredda av Eufrat,der snublar dei og fell.
7 Kven er det som stig lik Nilen,lik elvar der vatnet fløymer?
8 Det er Egypt som stig lik Nilen,lik elvar der vatnet fløymer.Det sa: «Eg vil stiga og løyna jorda,gjera ende på byar og dei som bur der.
9 Fram, hestar! Av stad, vogner!Krigarar skal rykkja ut,Kusj og Put som ber skjold,og dei frå Lud som spenner bogen!»