1 Om Moab.Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Ve Nebo! Byen er øydelagd.Kirjatajim har vorte til skamme, innteken,borga har vorte til skamme, slegen av redsle.
2 Ingen skryter av Moab lenger.I Hesjbon la dei vonde planar mot dei:«Kom, lat oss rydda dei ut som folk!»Også du, Madmen, skal tagna,sverdet skal forfølgja deg.
3 Høyr klageropet frå Horonajim,der er øydelegging, eit stort samanbrot.
4 Moab har brote saman,frå borna høyrest klagerop.
5 Gråtande går dei opp bakkane til Luhit.På vegen ned til Horonajimhøyrest rop i naud over samanbrotet:
6 «Flykt, berg livet!»Men de blir som ein busk i ørkenen.