12 Difor, sjå, dagar skal koma,seier Herren,då eg sender vintapparar til han.Dei skal tappa han omog tømma fataog slå krukkene sund.
13 Då skal Moab skamma seg over Kemosjslik Israel måtte skamma seg over Betel,som dei sette si lit til.
14 Korleis kan de seia:«Vi er krigarar og djerve stridsmenn»?
15 Moab skal herjast.Dei dreg mot byane der,og den beste ungdomen dreg ut for å bli slakta,seier kongen, Herren over hærskarane er hans namn.
16 Moabs ulukke er nær,brått kjem det vonde over han.
17 Sørg over han,alle de grannarog alle de som kjenner hans namn.Sei: «Broten er den sterke staven,det herlege septeret!»
18 Stig ned frå æresplassen,set deg i det tørste landet,du som bur hos dotter Dibon.For han som skal herja Moab,dreg mot degog øydelegg festningane dine.