14 Korleis kan de seia:«Vi er krigarar og djerve stridsmenn»?
15 Moab skal herjast.Dei dreg mot byane der,og den beste ungdomen dreg ut for å bli slakta,seier kongen, Herren over hærskarane er hans namn.
16 Moabs ulukke er nær,brått kjem det vonde over han.
17 Sørg over han,alle de grannarog alle de som kjenner hans namn.Sei: «Broten er den sterke staven,det herlege septeret!»
18 Stig ned frå æresplassen,set deg i det tørste landet,du som bur hos dotter Dibon.For han som skal herja Moab,dreg mot degog øydelegg festningane dine.
19 Still deg attmed vegen og hald vakt,du som bur i Aroer!Spør han som flyktar og henne som kom seg unna:«Kva er det som har hendt?»
20 Moab har vorte til skamme, slegen av redsle.Hyl og skrik!Fortel ved Arnonat Moab er øydelagd.