19 Still deg attmed vegen og hald vakt,du som bur i Aroer!Spør han som flyktar og henne som kom seg unna:«Kva er det som har hendt?»
20 Moab har vorte til skamme, slegen av redsle.Hyl og skrik!Fortel ved Arnonat Moab er øydelagd.
21 Dommen er komen for slettelandet, for Holon, Jahsa og Mofaat,
22 Dibon, Nebo og Bet-Diblatajim,
23 Kirjatajim, Bet-Gamul og Bet-Meon,
24 Kerijot og Bosra, for alle byane i Moab, både fjern og nær.
25 Moabs horn er hogge av,armen hans er broten, seier Herren.