2 Ingen skryter av Moab lenger.I Hesjbon la dei vonde planar mot dei:«Kom, lat oss rydda dei ut som folk!»Også du, Madmen, skal tagna,sverdet skal forfølgja deg.
3 Høyr klageropet frå Horonajim,der er øydelegging, eit stort samanbrot.
4 Moab har brote saman,frå borna høyrest klagerop.
5 Gråtande går dei opp bakkane til Luhit.På vegen ned til Horonajimhøyrest rop i naud over samanbrotet:
6 «Flykt, berg livet!»Men de blir som ein busk i ørkenen.
7 Fordi du leit pådet du hadde laga,og på skattane dine,skal du òg bli teken.Kemosj må gå i eksilog prestane og stormennene med han.
8 Han som herjar, kjem til kvar ein by,ikkje ein by slepp unna.Dalen skal gå til grunneog sletta leggjast i øyde,slik som Herren har sagt.