21 Dommen er komen for slettelandet, for Holon, Jahsa og Mofaat,
22 Dibon, Nebo og Bet-Diblatajim,
23 Kirjatajim, Bet-Gamul og Bet-Meon,
24 Kerijot og Bosra, for alle byane i Moab, både fjern og nær.
25 Moabs horn er hogge av,armen hans er broten, seier Herren.
26 Skjenk han full,for han har briska seg mot Herren.Så kan Moab liggja der i spyog bli til latter, han òg.
27 Gjorde ikkje du Israel til latter?Vart han kanskje teken mellom tjuvar,sidan du rister på hovudetkvar gong du snakkar om han?