25 Moabs horn er hogge av,armen hans er broten, seier Herren.
26 Skjenk han full,for han har briska seg mot Herren.Så kan Moab liggja der i spyog bli til latter, han òg.
27 Gjorde ikkje du Israel til latter?Vart han kanskje teken mellom tjuvar,sidan du rister på hovudetkvar gong du snakkar om han?
28 Far bort frå byaneog slå dykk ned i fjellet,de som bur i Moab!Gjer som dua, ho byggjer seg reiri sidene av det gapande gjelet.
29 Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er,kor høg han er, kor hovmodig og stolt,kor overmodig han er.
30 Eg veit, seier Herren,kor frekk han er,og kor tomt han skryter.Tomt er det dei gjer.
31 Difor sørgjer eg over Moab,skrik for heile Moabs skuld.Ein sukkar over mennene frå Kir-Heres.