27 Gjorde ikkje du Israel til latter?Vart han kanskje teken mellom tjuvar,sidan du rister på hovudetkvar gong du snakkar om han?
28 Far bort frå byaneog slå dykk ned i fjellet,de som bur i Moab!Gjer som dua, ho byggjer seg reiri sidene av det gapande gjelet.
29 Vi har høyrt kor umåteleg stolt Moab er,kor høg han er, kor hovmodig og stolt,kor overmodig han er.
30 Eg veit, seier Herren,kor frekk han er,og kor tomt han skryter.Tomt er det dei gjer.
31 Difor sørgjer eg over Moab,skrik for heile Moabs skuld.Ein sukkar over mennene frå Kir-Heres.
32 Eg græt meir over degenn over Jaser, du vinstokk i Sibma.Rankene dine spreidde seg mot sjøen,dei nådde til sjøen ved Jaser.Over din frukthaust og vinhaustkjem han som herjar.
33 Glede og jubel er bortefrå hagane, frå Moabs land.Eg gjer ende på vinen frå vinpressene.Ingen trakkar vindruer til glade rop,ingen ropar dei ropa.