31 Difor sørgjer eg over Moab,skrik for heile Moabs skuld.Ein sukkar over mennene frå Kir-Heres.
32 Eg græt meir over degenn over Jaser, du vinstokk i Sibma.Rankene dine spreidde seg mot sjøen,dei nådde til sjøen ved Jaser.Over din frukthaust og vinhaustkjem han som herjar.
33 Glede og jubel er bortefrå hagane, frå Moabs land.Eg gjer ende på vinen frå vinpressene.Ingen trakkar vindruer til glade rop,ingen ropar dei ropa.
34 Skriket frå Hesjbon når til Elale,heilt til Jahas lyder ropet,frå Soar til Horonajimog til Eglat-Sjelisjia.For jamvel Nimrim-vatnet blir til ørkenland.
35 I Moab, seier Herren,gjer eg ende på deisom går opp på hauganeog tenner offereld for guden sin.
36 Difor klagar mitt hjartesom ei fløyte over Moab,mitt hjarte klagar som ei fløyteover mennene frå Kir-Heres.For tapt er alt det dei hadde att.
37 Kvart hovud er snauklipt,alt skjegg er raka av.Alle har rispa opp hendeneog har sekkestrie om hoftene.