38 På alle tak og torg i Moab lyder klage.For eg har slege Moab sundlik eit kar som ingen bryr seg om,seier Herren.
39 Knust er ho. Skrik!Moab har snudd ryggen til i skam.No blir Moab til latter og til redslefor alle grannane sine.
40 For så seier Herren:Sjå, han stuper som ei ørnog breier vengene ut over Moab.
41 Byane blir inntekne, festningane tekne.Den dagen skal hjartet i Moabs krigararvera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.
42 Moab blir utsletta som folkfordi dei har vist hovmod mot Herren.
43 Det blir gru og grav og garnfor deg som bur i Moab!seier Herren.
44 Den som flyktar frå gru,skal falla i grav,kjem han seg opp or grava,skal han bli fanga i garnet.For eg sender rekneskaps år over Moab,seier Herren.