4 Moab har brote saman,frå borna høyrest klagerop.
5 Gråtande går dei opp bakkane til Luhit.På vegen ned til Horonajimhøyrest rop i naud over samanbrotet:
6 «Flykt, berg livet!»Men de blir som ein busk i ørkenen.
7 Fordi du leit pådet du hadde laga,og på skattane dine,skal du òg bli teken.Kemosj må gå i eksilog prestane og stormennene med han.
8 Han som herjar, kjem til kvar ein by,ikkje ein by slepp unna.Dalen skal gå til grunneog sletta leggjast i øyde,slik som Herren har sagt.
9 Gjev Moab ein blom,for det skal leggjast i ruinar.Byane skal bli aude,ingen skal bu i dei.
10 Forbanna er densom forsømer å gjera Herrens verk!Forbanna er densom held sverdet borte frå blod!